Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar.

13. Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut,

14. ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne.

15. Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

16. Så tok ho vare på kappa til herren hans kom heim.

17. Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter.

18. Men då eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.»

19. Herren til Josef vart brennande harm då han høyrde kva kona fortalde. «Dette har slaven din gjort mot meg», sa ho.

20. Han tok Josef og sette han i fengselet der fangane til kongen sat i lenkjer. Han vart sitjande der i fengselet.

21. Men Herren var med Josef og viste han miskunn. Han lét han finna godvilje hos styraren for fengselet.

22. Han lét Josef ta hand om alle fangane i fengselet og alt som skulle gjerast der.

23. Styraren hadde ikkje sjølv tilsyn med noko av det Josef hadde fått hand om. For Herren var med Josef. Herren lét alt han gjorde, lukkast for han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39