Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 39:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josef vart ført ned til Egypt. Potifar, ein egyptar som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta, kjøpte han av ismaelittane som hadde teke han med dit.

2. Herren var med Josef og lét det lukkast for han. Han vart verande i huset til den egyptiske herren sin.

3. Herren hans såg at Herren var med han og lét han lukkast i alt han gjorde.

4. Josef vann velvilje hos herren sin og vart tenaren hans. Potifar sette han til å styra sitt hus og lét han ta hand om alt han eigde.

5. Og frå den tid egyptaren hadde sett han over sitt hus og alt han eigde, velsigna Herren huset hans på grunn av Josef. Herrens velsigning kvilte over alt det han eigde, både i huset og på marka.

6. Han lét Josef ta hand om alt han eigde, og gjorde seg ingen suter, anna enn for maten han åt.Josef var velskapt og vakker.

7. Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine på han. «Ligg med meg!» sa ho.

8. Men han ville ikkje og sa til henne: «Sjå, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt.

9. Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 39