Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 38:6-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Juda tok ei kone til Er, den førstefødde sonen sin. Ho heitte Tamar.

7. Men Er, Judas førstefødde, var vond i Herrens auge, og Herren tok livet hans.

8. Då sa Juda til Onan: «Gå inn til kona åt bror din og gjer di plikt som svoger, så du kan skaffa bror din etterkomarar.»

9. Men Onan visste at etterkomarane ikkje kom til å bli hans. Når han gjekk inn til kona åt bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så han ikkje skulle gje broren etterkomarar.

10. Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens auge, og han tok livet hans òg.

11. Då sa Juda til Tamar, svigerdotter si: «Du må sitja som enkje i huset til far din heilt til Sjela, son min, blir vaksen.» For han tenkte: «Berre ikkje han òg døyr slik som brørne sine.» Så drog Tamar heim og budde i huset til far sin.

12. Lang tid gjekk. Så døydde dotter til Sjua, kona til Juda. Då sørgjetida var over, gjekk Juda opp til saueklipparane i Timna saman med venen sin, Hira frå Adullam.

13. Tamar fekk vita at svigerfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klippa sauene sine.

14. Då la ho av seg enkjekleda og dekte seg med eit slør som ho sveipte om seg. Så sette ho seg ved inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho hadde sett at Sjela var vaksen, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.

15. Då Juda fekk sjå henne, tenkte han at ho var ei prostituert, for ho hadde sveipt til andletet.

16. Han gjekk bort til henne i vegkanten og sa: «Kom, lat meg få gå inn til deg!» For han visste ikkje at ho var svigerdotter hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får koma inn til meg?»

17. Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av småfeet mitt.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!»

18. «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglet ditt og snora, og staven du har i handa.» Han gav henne det. Så fekk han koma inn til henne, og ho vart med barn.

19. Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjekleda.

20. Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam for å få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje.

21. Han spurde folket på staden: «Kvar er den tempelprostituerte kvinna i Enajim, ho som sat i vegkanten?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka prostituert kvinne her.»

22. Han gjekk tilbake til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, dessutan sa folket på staden at det ikkje hadde vore noka tempelprostituert kvinne der.»

23. Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette. Sjå, eg sende henne dette kjeet, men du fann henne ikkje.»

24. Tre månader seinare vart det sagt til Juda: «Tamar, svigerdotter di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!»

25. Men då ho vart ført ut, sende ho bod til svigerfar sin: «Eg er med barn med den mannen som eig alt dette. Sjå etter kven det er som eig dette seglet, snorene og staven!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 38