Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:7-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Sjå, vi var ute på åkeren og batt kornband, og kornbandet mitt reiste seg og vart ståande, medan kornbanda dykkar stilte seg rundt mitt og bøygde seg for det.»

8. Då sa brørne til han: «Skal du vera konge over oss? Skal du rå over oss?» Så hata dei han endå meir for draumane hans og for det han sa.

9. Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»

10. Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?»

11. Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.

12. Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem.

13. Då sa Israel til Josef: «Brørne dine gjeter ved Sikem. Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Her er eg.»

14. Då sa far hans: «Gå no og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet. Kom så og sei meg det!» Så sende faren han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.

15. Ein mann trefte på han medan han flakka omkring på marka. «Kva leitar du etter?» spurde mannen.

16. «Eg leitar etter brørne mine», svara han. «Kan du seia meg kvar dei gjeter?»

17. Mannen sa: «Dei er farne herifrå, for eg høyrde at dei sa: Kom, vi dreg til Dotan!» Då gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18. Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans.

19. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37