Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Ein gong hadde Josef ein draum. Den fortalde han brørne sine. Då hata dei han endå meir.

6. Han sa til dei: «Høyr kva eg har drøymt!

7. Sjå, vi var ute på åkeren og batt kornband, og kornbandet mitt reiste seg og vart ståande, medan kornbanda dykkar stilte seg rundt mitt og bøygde seg for det.»

8. Då sa brørne til han: «Skal du vera konge over oss? Skal du rå over oss?» Så hata dei han endå meir for draumane hans og for det han sa.

9. Josef hadde endå ein draum og fortalde han til brørne sine. «No har eg hatt endå ein draum», sa han. «Sjå, sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.»

10. Då han fortalde draumen til faren og brørne, irettesette faren han og sa: «Kva slag draum er det du har hatt? Skulle eg og mor di og brørne dine verkeleg koma og bøya oss til jorda for deg?»

11. Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.

12. Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37