Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:32-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Den fine kjortelen sende dei til faren og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen til son din.»

33. Han såg etter og sa: «Det er kjortelen til son min. Eit rovdyr har ete han opp, Josef har vorte ihelriven!»

34. Og Jakob reiv sund kleda sine, batt sekkestrie kring hoftene og sørgde over son sin i lange tider.

35. Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han, men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg skal eg fara ned til son min i dødsriket», sa han. Og faren gret over son sin.

36. Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37