Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:24-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Så tok dei og kasta han i brønnen. Brønnen var tom, det fanst ikkje vatn der.

25. Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt.

26. Då sa Juda til brørne sine: «Kva har vi att for å drepa bror vår og dekkja over blodet hans?

27. Kom, så sel vi han til ismaelittane. Lat oss ikkje leggja hand på han, for han er bror vår, vårt eige kjøt.» Og brørne lydde han.

28. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.

29. Då Ruben kom til brønnen igjen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.

30. Han gjekk tilbake til brørne og sa: «Guten er borte. Kvar skal eg no gjera av meg?»

31. Då tok dei kjortelen til Josef, slakta ein geitebukk og dyppa kjortelen i blodet.

32. Den fine kjortelen sende dei til faren og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen til son din.»

33. Han såg etter og sa: «Det er kjortelen til son min. Eit rovdyr har ete han opp, Josef har vorte ihelriven!»

34. Og Jakob reiv sund kleda sine, batt sekkestrie kring hoftene og sørgde over son sin i lange tider.

35. Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han, men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg skal eg fara ned til son min i dødsriket», sa han. Og faren gret over son sin.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37