Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:11-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Brørne var misunnelege, men faren merka seg det han hadde sagt.

12. Ein gong var brørne hans ute og gjette småfeet til faren ved Sikem.

13. Då sa Israel til Josef: «Brørne dine gjeter ved Sikem. Kom, eg vil senda deg til dei.» Han svara: «Her er eg.»

14. Då sa far hans: «Gå no og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet. Kom så og sei meg det!» Så sende faren han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.

15. Ein mann trefte på han medan han flakka omkring på marka. «Kva leitar du etter?» spurde mannen.

16. «Eg leitar etter brørne mine», svara han. «Kan du seia meg kvar dei gjeter?»

17. Mannen sa: «Dei er farne herifrå, for eg høyrde at dei sa: Kom, vi dreg til Dotan!» Då gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan.

18. Dei såg han på lang avstand, og før han kom fram, la dei planar om å ta livet hans.

19. Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren.

20. Kom, vi drep han! Vi kastar han i ein av brønnane og seier at eit rovdyr har ete han opp. Så skal vi sjå kva det blir av draumane hans.»

21. Men då Ruben høyrde det, ville han berga han frå dei. Han sa: «Vi må ikkje slå han i hel!»

22. Så sa Ruben til dei: «Lat det ikkje renna blod! Kast han ned i denne brønnen her i ørkenen, men legg ikkje hand på han.» Dette sa han for å berga han frå dei og ta han med attende til far hans.

23. Då Josef kom fram til brørne sine, reiv dei av han den fine kjortelen han hadde på seg.

24. Så tok dei og kasta han i brønnen. Brønnen var tom, det fanst ikkje vatn der.

25. Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt.

26. Då sa Juda til brørne sine: «Kva har vi att for å drepa bror vår og dekkja over blodet hans?

27. Kom, så sel vi han til ismaelittane. Lat oss ikkje leggja hand på han, for han er bror vår, vårt eige kjøt.» Og brørne lydde han.

28. Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp frå brønnen. Dei selde Josef for tjue sjekel sølv til ismaelittane. Og dei tok han med seg til Egypt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37