Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 37:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jakob vart buande i Kanaan, det landet far hans hadde budd i som innflyttar.

2. Dette er slektshistoria til Jakob.Då Josef var sytten år gammal, gjette han småfeet i lag med brørne sine. Som ung gut var han saman med sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med.

3. Israel elska Josef meir enn alle dei andre sønene, for han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein forseggjord kjortel til han.

4. Men då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre, la dei han for hat og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.

5. Ein gong hadde Josef ein draum. Den fortalde han brørne sine. Då hata dei han endå meir.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 37