Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.

7. For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira.

8. Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom.

9. Dette er slektshistoria til Esau, stamfar til edomittane i fjellandet Se'ir.

10. Dette er namna på sønene til Esau: Elifas, son til Ada, kona åt Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona åt Esau.

11. Sønene til Elifas var Teman, Omar, Sefo, Gatam og Kenas.

12. Elifas, son til Esau, hadde ei følgjekone som heitte Timna, og ho fødde han Amalek. Dette var etterkomarane av Ada, kona til Esau.

13. Og dette er sønene til Re'uel: Nahat, Serah, Sjamma og Missa. Dette var etterkomarane av Basmat, kona til Esau.

14. Og dette er sønene Esau fekk med kona si Oholibama, dotter til Ana, son åt Sibon: Je'usj, Jalam og Korah.

15. Dette er stammehovdingane i ætta til Esau: Sønene til Elifas, den førstefødde sonen til Esau, var hovdingane Teman, Omar, Sefo, Kenas,

Les hele kapitlet 1. Mosebok 36