Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36:36-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.

37. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved elva konge etter han.

38. Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han.

39. Då Baal-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.

40. Dette er namna på stammehovdingane til Esau, nemnde etter slekt, bustad og namn: hovdingane Timna, Alva, Jetet,

41. Oholibama, Ela, Pinon,

42. Kenas, Teman, Mibsar,

43. Magdiel og Iram. Dette var hovdingane i Edom etter bustad i det landet dei eigde. Edom er Esau, stamfar til edomittane.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 36