Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. og Basmat, dotter til Ismael, syster til Nebajot.

4. Ada fødde Esau sonen Elifas, og Basmat fødde Re'uel;

5. Oholibama fødde Je'usj, Jalam og Korah. Dette var dei sønene som Esau fekk i Kanaan.

6. Esau tok konene sine, sønene og døtrene sine og heile huslyden sin, buskapen, alle husdyra sine og alle eigedelane han hadde samla seg i Kanaan, og drog til eit land borte frå Jakob, bror sin.

7. For dei eigde for mykje til å kunna bu saman. Landet der dei budde som innflyttarar, kunne ikkje fø dei, så stor var buskapen deira.

8. Esau slo seg då ned i Se'ir-fjella. Esau, det er Edom.

9. Dette er slektshistoria til Esau, stamfar til edomittane i fjellandet Se'ir.

10. Dette er namna på sønene til Esau: Elifas, son til Ada, kona åt Esau, og Re'uel, son til Basmat, kona åt Esau.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 36