Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 36:24-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Dette er sønene til Sibon: Ajja og Ana. Det er den Ana som fann dei varme kjeldene i ørkenen då han gjette esla til Sibon, far sin.

25. Dette er borna til Ana: Disjon og dottera Oholibama.

26. Og dette er sønene til Disjon: Hemdan, Esjban, Jitran og Keran.

27. Dette er sønene til Eser: Bilhan, Saavan og Akan.

28. Og dette er sønene til Disjan: Us og Aran.

29. Dette er stammehovdingane til horittane: hovdingane Lotan, Sjobal, Sibon, Ana,

30. Disjon, Eser og Disjan. Dette var hovdingane til horittane i Se'ir, hovding for hovding.

31. Dette er dei kongane som rådde i Edom før det var nokon konge over Israel:

32. Bela, son til Beor, var konge i Edom, og byen hans heitte Dinhaba.

33. Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.

34. Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman konge etter han.

35. Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit.

36. Då Hadad døydde, vart Samla frå Masreka konge etter han.

37. Då Samla døydde, vart Saul frå Rehobot ved elva konge etter han.

38. Då Saul døydde, vart Baal-Hanan, son til Akbor, konge etter han.

39. Då Baal-Hanan, son til Akbor, døydde, vart Hadar konge etter han. Byen hans heitte Pa'u, og kona hans heitte Mehetabel. Ho var dotter til Matred, dotter til Mesahab.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 36