Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 35:17-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Medan ho låg i harde fødselsrier, sa jordmora til henne: «Ver ikkje redd! For også denne gongen får du ein son.»

18. Ho var i ferd med å døy, og idet livet ebba ut, gav ho han namnet Ben-Oni. Men faren kalla han Benjamin.

19. Rakel døydde og vart gravlagd ved vegen til Efrat, det er Betlehem.

20. Og Jakob reiste ei steinstøtte på grava hennar. Det er gravsteinen til Rakel, som står der den dag i dag.

21. Så drog Israel vidare og slo opp teltet sitt bortanfor Migdal-Eder.

22. Medan Israel budde der i landet, gjekk Ruben av stad og låg med Bilha, følgjekona til far sin. Og Israel fekk vita det.Jakob hadde tolv søner.

23. Sønene til Lea var Ruben, den førstefødde sonen til Jakob, Simon, Levi, Juda, Jissakar og Sebulon.

24. Sønene til Rakel var Josef og Benjamin.

25. Sønene til Bilha, slavekvinna til Rakel, var Dan og Naftali.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 35