Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.

7. Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei sørgde og var rasande, for det var ei skammeleg gjerning Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!

8. Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har forelska seg i syster dykkar. Lat han få henne til kone!

9. Knyt slektsband med oss! Gjev oss døtrene dykkar, og ta de døtrene våre til koner!

10. Slå dykk ned hos oss! Landet skal liggja ope for dykk. Her kan de bu, driva handel og få dykk eigedom.»

11. Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Berre de ser på meg med velvilje, så skal eg gje dykk det de bed om!

12. Krev ein høg brurepris og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får den unge jenta til kone.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34