Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:21-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. «Desse mennene er venlegsinna mot oss. Lat dei bu i landet og driva handel her! Landet er då vidt nok for dei. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.

22. Men berre på eitt vilkår vil mennene gå med på å bu saman med oss så vi blir eitt folk: Alle menn hos oss må la seg omskjera, som dei sjølve er omskorne.

23. Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, blir jo vårt, berre vi gjer som dei vil, så dei slår seg ned hos oss.»

24. Alle som gjekk ut av byporten, lydde Hamor og Sikem, son hans. Alle lét dei seg omskjera.

25. Men den tredje dagen, då dei endå hadde smerter, tok dei to Jakobs-sønene Simon og Levi, brørne til Dina, kvart sitt sverd. Dei kom seg uhindra inn i byen og drap alle mannfolk.

26. Dei drap Hamor og Sikem, son hans, med sverd. Så tok dei Dina ut or huset til Sikem og drog bort.

27. Sønene til Jakob kom over dei drepne og plyndra byen fordi dei hadde gjort syster deira urein.

28. Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen, og det som var ute på marka.

29. Alt av verdi og alle kvinnene og borna deira førte dei bort som bytte; alt som var i husa, rana dei.

30. Då sa Jakob til Simon og Levi: «De har ført ulukke over meg. De har gjort meg hata av folket i landet, kanaanearane og perisittane. Eg har berre nokre få menn. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg, og eg og mitt hus kjem til å bli utrydda.»

31. Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei hore?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34