Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:12-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Krev ein høg brurepris og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får den unge jenta til kone.»

13. Då gav Jakobs-sønene eit svikefullt svar til Sikem og Hamor, far hans. For Sikem hadde gjort Dina, syster deira, urein.

14. Dei sa til dei: «Dette kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss.

15. Berre på eitt vilkår kan vi bli samde med dykk: at de blir som oss, og at alle menn hos dykk blir omskorne.

16. Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner. Vi skal bu saman med dykk, så vi blir eitt folk.

17. Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.»

18. Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa.

19. Den unge mannen var ikkje sein med å gjera som dei bad om, for han heldt av dotter til Jakob. Han var den fremste av alle i farshuset.

20. Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, til byporten og sa til mennene i byen:

21. «Desse mennene er venlegsinna mot oss. Lat dei bu i landet og driva handel her! Landet er då vidt nok for dei. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.

22. Men berre på eitt vilkår vil mennene gå med på å bu saman med oss så vi blir eitt folk: Alle menn hos oss må la seg omskjera, som dei sjølve er omskorne.

23. Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, blir jo vårt, berre vi gjer som dei vil, så dei slår seg ned hos oss.»

24. Alle som gjekk ut av byporten, lydde Hamor og Sikem, son hans. Alle lét dei seg omskjera.

25. Men den tredje dagen, då dei endå hadde smerter, tok dei to Jakobs-sønene Simon og Levi, brørne til Dina, kvart sitt sverd. Dei kom seg uhindra inn i byen og drap alle mannfolk.

26. Dei drap Hamor og Sikem, son hans, med sverd. Så tok dei Dina ut or huset til Sikem og drog bort.

27. Sønene til Jakob kom over dei drepne og plyndra byen fordi dei hadde gjort syster deira urein.

28. Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen, og det som var ute på marka.

29. Alt av verdi og alle kvinnene og borna deira førte dei bort som bytte; alt som var i husa, rana dei.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34