Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 34:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dina, dottera som Lea hadde fødd Jakob, gjekk ein gong ut og ville møta jentene i landet.

2. Då fekk Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og krenkte henne.

3. Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala til hjartet hennar.

4. Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få denne jenta til kone!»

5. Jakob fekk høyra at Sikem hadde gjort Dina, dotter hans, urein. Sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde om dette til dei kom heim.

6. Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.

7. Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei sørgde og var rasande, for det var ei skammeleg gjerning Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!

8. Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har forelska seg i syster dykkar. Lat han få henne til kone!

9. Knyt slektsband med oss! Gjev oss døtrene dykkar, og ta de døtrene våre til koner!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 34