Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 33:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin.

4. Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.

5. Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.»

6. Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda.

7. Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.

8. Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han.

9. Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!»

10. «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg.

11. Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 33