Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 33:14-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.»

15. Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»

16. Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir.

17. Jakob drog til Sukkot og bygde seg eit hus der. Han laga lauvhytter til buskapen sin, difor kalla han staden Sukkot.

18. Jakob kom vel fram til byen Sikem, som er i landet i Kanaan, då han kom frå Paddan-Aram. Han slo leir utanfor byen.

19. Jordstykket der han hadde sett opp teltet sitt, kjøpte han for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem.

20. Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 33