Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 33:13-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men Jakob svara: «Min herre veit at borna er veike, og eg må tenkja på småfeet og storfeet som gjev mjølk. Driv ein dei for hardt berre éin dag, døyr alt småfeet.

14. Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.»

15. Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»

16. Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 33