Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 33:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene.

2. Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist.

3. Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin.

4. Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret.

5. Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.»

6. Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda.

7. Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.

8. Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han.

9. Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 33