Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 32:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så bad Jakob: «Du min far Abrahams Gud, du min far Isaks Gud! Herre, du som sa til meg: Dra tilbake til landet ditt og slekta di, så skal eg gjera vel imot deg!

10. Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist tenaren din. For med berre staven min gjekk eg over Jordan, og no har eg to leirar.

11. Berg meg frå handa til Esau, bror min! Eg er redd han. Han kan koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.

12. Du sa at du ville gjera vel imot meg og la ætta mi bli som havsens sand, som ingen kan telja.»

13. Og han var der den natta.Av det han eigde, tok han ut ei gåve til bror sin, Esau:

14. to hundre geiter og tjue bukkar, to hundre sauer og tjue vêrar,

15. tretti kamelar som gav mjølk, og føla deira, førti kyr og ti oksar, tjue eselhopper og ti esel.

16. Han gav dyra til slavane sine, flokk for flokk, og sa til dei: «Dra føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom kvar flokk!»

17. Så sa han til den første slaven: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,

18. då skal du svara: Jakob, tenaren din, og dette er ei gåve han sender til herren min, Esau. Snart kjem han sjølv etter.»

19. Også den andre og den tredje slaven og alle dei andre som følgde med flokkane, baud han å seia det same til Esau når dei møtte han:

Les hele kapitlet 1. Mosebok 32