Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 32:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så drog slavane i førevegen med gåva, medan Jakob vart verande i leiren om natta.

22. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok.

23. Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.

24. Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde.

25. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa.

26. Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»

27. «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han.

28. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.»

29. Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

30. Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet.»

31. Sola gjekk opp over han då han kom framom Penuel, og han halta på grunn av hofta.

32. Difor er det slik den dag i dag at israelittane ikkje et muskelen over hofteskåla, for mannen gav Jakob eit slag over hofteskåla, på muskelen.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 32