Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 32:16-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Han gav dyra til slavane sine, flokk for flokk, og sa til dei: «Dra føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom kvar flokk!»

17. Så sa han til den første slaven: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv,

18. då skal du svara: Jakob, tenaren din, og dette er ei gåve han sender til herren min, Esau. Snart kjem han sjølv etter.»

19. Også den andre og den tredje slaven og alle dei andre som følgde med flokkane, baud han å seia det same til Esau når dei møtte han:

20. «Og de må seia at snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidgjera han med den gåva som kjem i førevegen. Når eg sidan møter han andlet til andlet, vil han kanskje ta venleg imot meg.»

21. Så drog slavane i førevegen med gåva, medan Jakob vart verande i leiren om natta.

22. Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to slavekvinnene og dei elleve sønene og gjekk over vadestaden ved Jabbok.

23. Han sette dei over elva og førte over alt han eigde.

24. Jakob var åleine att. Og ein mann kjempa med han heilt til dagen grydde.

25. Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over han, gav han Jakob eit slag over hofteskåla, så hofta gjekk ut av ledd medan dei kjempa.

26. Og han sa: «Slepp meg, for morgonen gryr!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.»

27. «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob», svara han.

28. Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob. Israel skal vera namnet ditt, for du har kjempa med Gud og menneske og vunne.»

29. Då bad Jakob: «Sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.

30. Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud andlet til andlet og endå berga livet.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 32