Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 32:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jakob drog òg vidare, og Guds englar kom til møtes med han.

2. Med det same Jakob fekk auge på dei, sa han: «Dette er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim.

3. Jakob sende bodberarar føre seg til Esau, bror sin, i Se'ir-landet, på markene i Edom.

4. Han baud dei: «Dette skal de seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hos Laban og vore der til no.

5. Eg har fått oksar, esel og småfe, slavar og slavekvinner. No sender eg bod og gjer dette kjent for herren min, i von om at du vil sjå på meg med velvilje.»

6. Bodberarane kom tilbake til Jakob og sa: «Vi møtte Esau, bror din, og no kjem han imot deg med fire hundre mann.»

7. Då vart Jakob gripen av redsle og angst. Han delte folket som var med han, og småfeet, storfeet og kamelane, i to leirar.

8. For han tenkte: «Om Esau kjem over den eine leiren og går til åtak, kan dei som er i den andre leiren, sleppa unna.»

9. Så bad Jakob: «Du min far Abrahams Gud, du min far Isaks Gud! Herre, du som sa til meg: Dra tilbake til landet ditt og slekta di, så skal eg gjera vel imot deg!

10. Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist tenaren din. For med berre staven min gjekk eg over Jordan, og no har eg to leirar.

11. Berg meg frå handa til Esau, bror min! Eg er redd han. Han kan koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.

12. Du sa at du ville gjera vel imot meg og la ætta mi bli som havsens sand, som ingen kan telja.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 32