Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar.

9. Slik tok Gud buskapen frå far dykkar og gav han til meg.

10. I paringstida til småfeet hadde eg ein draum. Eg såg at bukkane som para seg med småfeet, var stripete, flekkete og droplete.

11. Og i draumen sa Guds engel til meg: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»

12. Då sa han: «Lyft auga, så skal du sjå at bukkane som parar seg med småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett alt det Laban har gjort mot deg.

13. Eg er Gud frå Betel, der du salva ei steinstøtte og gav meg ein lovnad. Stå no opp og dra bort frå dette landet, og vend attende til landet der du er fødd!»

14. Då svara Rakel og Lea: «Har vi enno arv og del i huset til far vår?

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31