Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marka der han var med buskapen sin.

5. Han sa til dei: Eg ser på andletet til far dykkar at han ikkje er den same mot meg som før. Men Gud til far min har vore med meg.

6. De veit at eg har arbeidd for far dykkar av all mi kraft.

7. Og så har han snytt meg og endra løna mi ti gonger. Men Gud har ikkje late han gjera meg noko vondt.

8. Når han sa: «Dei flekkete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen flekkete ungar. Og når han sa: «Dei stripete dyra skal vera løna di», fekk heile buskapen stripete ungar.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31