Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:38-55 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. No har eg vore hos deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri fødd for tidleg, og vêrane i flokken din har eg ikkje ete.

39. Eg kom ikkje til deg med dyr som var ihelrivne, men bar tapet sjølv. Var noko stole, kravde de skadebot av meg, anten det var stole om dagen eller om natta.

40. Heten tærte meg opp om dagen og kulden om natta, og søvnen flykta frå auga mine.

41. I tjue år har eg vore i ditt hus. Fjorten år har eg arbeidd for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt, og ti gonger har du endra løna mi.

42. Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»

43. Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?

44. Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

45. Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte.

46. Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa.

47. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.

48. Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed

49. og Mispa, for han sa: «Herren skal halda auge med meg og deg når vi ikkje lenger ser kvarandre.

50. Om du audmjukar døtrene mine eller tek deg andre koner ved sida av dei, då skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg om det ikkje er eit menneske til stades.»

51. Då sa Laban til Jakob: «Sjå denne steinrøysa og støtta som eg har reist mellom meg og deg!

52. Denne røysa skal vera vitne, og støtta skal vera vitne: Eg skal ikkje dra framom denne røysa på veg mot deg, og du skal ikkje dra framom røysa eller støtta på veg mot meg for å gjera noko vondt.

53. Abrahams Gud og Nahors Gud, Gud til far deira, skal dømma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla til Isak, far sin.

54. Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad slektningane sine til måltid. Dei åt og vart verande på fjellet natta over.

55. Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så drog Laban heim att.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31