Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:33-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Laban gjekk inn i teltet til Jakob og i telta til Lea og dei to slavekvinnene, men fann ikkje noko. Så gjekk han ut av teltet til Lea og inn i teltet til Rakel.

34. Rakel hadde teke terafane, lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Laban saumfór heile teltet, men fann ingen ting.

35. Då sa Rakel til far sin: «Herren min må ikkje bli sint, men eg kan ikkje reisa meg for deg, for eg har det på kvinners vis.» Så leita han, men terafane fann han ikkje.

36. Då vart Jakob sint og kom med klagemål mot Laban. Han sa til han: «Kva gale har eg gjort, eller kva for ei synd, sidan du forfølgjer meg slik?

37. Du har saumfare alt det eg eig. Kva fann du som høyrer til ditt hus? Legg det fram her, framfor mine og dine slektningar, så dei kan dømma mellom oss to!

38. No har eg vore hos deg i tjue år. Sauene og geitene dine har aldri fødd for tidleg, og vêrane i flokken din har eg ikkje ete.

39. Eg kom ikkje til deg med dyr som var ihelrivne, men bar tapet sjølv. Var noko stole, kravde de skadebot av meg, anten det var stole om dagen eller om natta.

40. Heten tærte meg opp om dagen og kulden om natta, og søvnen flykta frå auga mine.

41. I tjue år har eg vore i ditt hus. Fjorten år har eg arbeidd for dei to døtrene dine og seks år for småfeet ditt, og ti gonger har du endra løna mi.

42. Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»

43. Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?

44. Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

45. Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte.

46. Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa.

47. Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.

48. Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed

49. og Mispa, for han sa: «Herren skal halda auge med meg og deg når vi ikkje lenger ser kvarandre.

50. Om du audmjukar døtrene mine eller tek deg andre koner ved sida av dei, då skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg om det ikkje er eit menneske til stades.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31