Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:17-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Så gjorde Jakob seg ferdig og sette konene og borna sine opp på kamelane.

18. Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.

19. Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.

20. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.

21. Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.

22. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23. Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet.

24. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»

25. Då Laban nådde fram til Jakob, hadde han slege teltet sitt opp på fjellet. Laban og slektningane hans slo òg leir på Gilead-fjellet.

26. Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført døtrene mine bort som om dei var krigsfangar.

27. Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du ingen ting til meg så eg kunne sendt deg av garde med glede og med song, med handtromme og lyre?

28. Du lét meg ikkje eingong få kyssa barneborna og døtrene mine. No har du bore deg uvitug åt.

29. Det står i mi makt å gjera dykk vondt. Men Gud til far dykkar sa til meg i natt: ‘Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!’

30. No har du altså reist fordi du lengta så etter farsslekta di. Men kvifor stal du gudane mine?»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31