Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 31:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og i draumen sa Guds engel til meg: «Jakob!» Eg svara: «Her er eg.»

12. Då sa han: «Lyft auga, så skal du sjå at bukkane som parar seg med småfeet, er stripete, flekkete og droplete. For eg har sett alt det Laban har gjort mot deg.

13. Eg er Gud frå Betel, der du salva ei steinstøtte og gav meg ein lovnad. Stå no opp og dra bort frå dette landet, og vend attende til landet der du er fødd!»

14. Då svara Rakel og Lea: «Har vi enno arv og del i huset til far vår?

15. Reknar han oss ikkje for framande? Han har då selt oss og brukt opp summen han fekk for oss.

16. For all den rikdomen Gud har teke frå far vår, høyrer oss og borna våre til. Gjer no berre alt det Gud seier du skal gjera!»

17. Så gjorde Jakob seg ferdig og sette konene og borna sine opp på kamelane.

18. Han førte med seg heile buskapen sin, den han hadde skaffa seg i Paddan-Aram, og alle eigedelane han hadde samla. Han ville dra til Isak, far sin, i landet Kanaan.

19. Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.

20. Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.

21. Så rømde han med alt det han åtte. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.

22. Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23. Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet.

24. Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum om natta og sa til han: «Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!»

25. Då Laban nådde fram til Jakob, hadde han slege teltet sitt opp på fjellet. Laban og slektningane hans slo òg leir på Gilead-fjellet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 31