Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:38-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Så sette han kjeppane som han hadde flekt borken av, opp i vasstraua og rennene der småfeet kom for å drikka, rett framfor dyra. Dyra para seg når dei kom og drakk,

39. og sidan småfeet para seg ved kjeppane, fekk dei stripete, flekkete og spraglete ungar.

40. Jakob skilde ut sauene, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og mørke dyra i buskapen til Laban. Slik skaffa han seg eigne flokkar som han ikkje sleppte saman med småfeet til Laban.

41. Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob kjeppar i vasstraua, rett framfor auga på dei, for at dei skulle para seg ved kjeppane.

42. Men var det veike dyr, gjorde han det ikkje. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke.

43. Og mannen vart svært rik. Han fekk småfe i mengder, slavekvinner og slavar, kamelar og esel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30