Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:27-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Då sa Laban: «Om du berre ville sjå på meg med velvilje! Spådomsteikna viser meg at det er for di skuld Herren har velsigna meg.»

28. Han heldt fram: «Sei kva du skal ha i løn hos meg, så skal eg gje deg det!»

29. Jakob svara: «Du veit korleis eg har arbeidd for deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han.

30. For det vesle du hadde før eg kom, har vakse og vorte til mykje. Der eg sette min fot, har Herren velsigna deg. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?»

31. Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg noko. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjeta småfeet ditt og sjå etter det.

32. I dag vil eg gå gjennom alt småfeet ditt og skilja ut alle dei flekkete og spraglete lamma, alle dei mørke lamma og dei geitene som er flekkete og spraglete. Det skal vera løna mi.

33. Når du ein dag kjem for å sjå over løna mi, skal min ærlegdom vitna for meg. Finst det ei geit hos meg som ikkje er flekkete eller spraglete, eller ein sau som ikkje er mørk, så er dei stolne.»

34. Då svara Laban: «Godt! Lat det vera som du seier.»

35. Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spraglete, alle geitene som var flekkete og spraglete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei mørke sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei.

36. Så la han tre dagsreiser mellom seg og Jakob, medan Jakob gjette resten av småfeet hans.

37. Men Jakob fann seg friske kjeppar av poppel, mandeltre og lønnetre og flekte borken av dei i striper så den kvite veden kom til syne.

38. Så sette han kjeppane som han hadde flekt borken av, opp i vasstraua og rennene der småfeet kom for å drikka, rett framfor dyra. Dyra para seg når dei kom og drakk,

39. og sidan småfeet para seg ved kjeppane, fekk dei stripete, flekkete og spraglete ungar.

40. Jakob skilde ut sauene, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og mørke dyra i buskapen til Laban. Slik skaffa han seg eigne flokkar som han ikkje sleppte saman med småfeet til Laban.

41. Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob kjeppar i vasstraua, rett framfor auga på dei, for at dei skulle para seg ved kjeppane.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30