Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 30:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Og Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob ein son.

11. Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad.

12. Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob endå ein son.

13. Då sa Lea: «Lukkeleg er eg! For kvinnene kjem til å prisa meg lukkeleg.» Så kalla ho han Asjer.

14. Ein dag i kveitehausten gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alrunar, og han tok dei med seg heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunane som son din har funne!»

15. Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunane til son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunane, kan Jakob liggja med deg i natt.»

16. Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunane som son min fann.» Så låg han med henne den natta.

17. Og Gud høyrde Lea. Ho vart med barn og fødde Jakob den femte sonen.

18. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn for at eg gav slavekvinna til mannen min.» Så kalla ho han Jissakar.

19. Sidan vart Lea med barn att og fødde Jakob den sjette sonen.

20. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. Denne gongen vil mannen min visa meg vørdnad, for eg har fødd han seks søner.» Så kalla ho han Sebulon.

21. Sidan fødde ho ei dotter og kalla henne Dina.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 30