Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 3:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Og til mannen sa han:«Fordi du høyrde på kvinnaog åt av treetsom eg forbaud deg å eta av,er jorda forbanna for di skuld.Med strev skal du næra deg av hennealle dine levedagar.

18. Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,og du skal eta det som veks på marka.

19. Med sveitte i andletetskal du eta ditt brød,heilt til du vender attende til jorda,for av henne er du teken.Støv er du,og til støv skal du venda attende.»

20. Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever.

21. Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.

22. Herren Gud sa: «Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 3