Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 3:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?»

2. Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen.

3. Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.»

4. Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy!

5. Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.»

6. No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.

7. Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.

8. Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.

9. Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?»

10. Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.»

11. Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?»

12. Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.»

13. Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 3