Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:8-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier!

9. Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt.

10. Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»

11. Då sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt.

12. Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.»

13. «Den forbanninga skal eg ta på meg, son min», sa mora. «Høyr berre på meg og gå og hent kjea!»

14. Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt.

15. Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei.

16. Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans.

17. Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.

18. Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?»

19. Då sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!»

20. Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?» Han svara: «Herren din Gud lét det springa rett imot meg.»

21. Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, son min, så eg kan få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!»

22. Jakob gjekk bort til far sin så han fekk kjenna på han, og Isak sa: «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.»

23. Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.

24. Så spurde han: «Er du verkeleg Esau, son min?» Jakob svara: «Ja, det er eg.»

25. Då sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27