Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:36-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?»

37. Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?»

38. «Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt.

39. Då sa Isak til han:«Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu,der inga dogg fell frå himmelen.

40. Av sverd skal du leva,og bror din skal du tena.Men når du riv deg laus,skal du kasta åket hans av nakken.»

41. Esau la Jakob for hat på grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa Jakob, bror min.»

42. Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27