Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:25-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Då sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk.

26. Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, son min!»

27. Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa:«Kjenn, lukta av son miner lik lukta av ei engsom Herren har velsigna!

28. Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen,fruktbar jordog overmål av korn og ny vin!

29. Folk skal tena deg,folkeslag bøya seg for deg.Ver herre over brørne dine,sønene til mor di skal bøya seg for deg.Forbanna er dei som forbannar deg,velsigna er dei som velsignar deg!»

30. Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han hadde berre så vidt gått ut frå far sin – kom Esau, bror hans, heim att frå jakta.

31. Han òg laga nokre velsmakande retter og bar dei inn til far sin. «Far», sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet som son din kjem med, så du kan velsigna meg!»

32. Isak, far hans, spurde: «Kven er du?» Han svara: «Eg er Esau, den førstefødde son din.»

33. Då byrja Isak å skjelva, han skalv veldig og sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og så velsigna eg han, så no er han velsigna.»

34. Då Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. Så sa han: «Velsigna meg òg, far!»

35. Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27