Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 27:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.»

2. Så sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy.

3. Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg!

4. Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»

5. Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim.

6. Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa:

7. Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr.

8. Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier!

9. Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt.

10. Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»

11. Då sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt.

12. Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.»

13. «Den forbanninga skal eg ta på meg, son min», sa mora. «Høyr berre på meg og gå og hent kjea!»

14. Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt.

15. Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei.

16. Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans.

17. Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 27