Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:6-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så vart Isak buande i Gerar.

7. Då mennene på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia «kona mi», fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka. For ho var overlag vakker.

8. Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak kjærteikna Rebekka, kona si.

9. Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.»

10. Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!»

11. Så gav Abimelek heile folket dette påbodet: «Den som rører denne mannen eller kona hans, skal døy.»

12. Isak sådde korn der i landet, og det året fekk han hundre gonger det han hadde sådd. Herren velsigna han

13. så han vart rik. Han vart meir og meir velståande, og til slutt var han svært rik.

14. Han eigde småfe og storfe og så mange slavar at filistrane vart misunnelege på han.

15. Alle brønnane som slavane til far hans hadde grave medan Abraham levde, tetta filistrane og fylte med jord.

16. Då sa Abimelek til Isak: «Dra bort frå oss! Du har vorte altfor mektig for oss.»

17. Så flytte Isak derifrå og slo leir i Gerar-dalen. Der vart han buande.

18. Sidan drog Isak tilbake og grov opp att brønnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistrane hadde fylt att etter at Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei.

19. Då slavane til Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei kjelde med rennande vatn.

20. Men gjetarane frå Gerar tretta med gjetarane til Isak og sa: «Vatnet er vårt!» Han kalla brønnen Esek fordi dei tretta med han.

21. Sidan grov dei ein brønn til, men det vart strid om den òg, så den kalla han Sitna.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26