Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:26-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Abimelek kom til han frå Gerar saman med Ahussat, venen sin, og Pikol, hærføraren.

27. Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har sendt meg bort frå dykk?»

28. Dei svara: «Vi har sett at Herren er med deg, og vi har tenkt at det burde vera ein gjensidig eid mellom oss og deg! Vi vil gjera ei pakt med deg.

29. Du skal ikkje gjera oss noko vondt, liksom vi heller ikkje rørte deg, men berre gjorde godt mot deg og sende deg bort i fred. For no er du velsigna av Herren.»

30. Så heldt han eit festmåltid for dei, og dei åt og drakk.

31. Morgonen etter stod dei tidleg opp og svor kvarandre ein eid. Så tok Isak farvel med dei, og dei drog bort i fred.

32. Same dagen kom slavane og fortalde Isak om brønnen dei hadde grave. «Vi har funne vatn!» sa dei.

33. Han kalla brønnen Sjiba. Difor heiter byen Beer-Sjeba den dag i dag.

34. Då Esau var førti år gammal, tok han Judit, dotter til hetitten Beeri, og Basmat, dotter til hetitten Elon, til koner.

35. Dei vart til sorg for Isak og Rebekka.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26