Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:23-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Derifrå drog Isak opp til Beer-Sjeba.

24. Same natta synte Herren seg for han og sa:«Eg er Gud til Abraham, far din.Ver ikkje redd, for eg er med deg!Eg vil velsigna degog gjera ætta di talrikfor Abraham, min tenar, skuld.»

25. Så bygde Isak eit altar der og kalla på Herrens namn. Han slo òg opp teltet sitt der, og slavane grov ein brønn.

26. Abimelek kom til han frå Gerar saman med Ahussat, venen sin, og Pikol, hærføraren.

27. Då sa Isak til dei: «Kvifor kjem de til meg, de som hatar meg og har sendt meg bort frå dykk?»

28. Dei svara: «Vi har sett at Herren er med deg, og vi har tenkt at det burde vera ein gjensidig eid mellom oss og deg! Vi vil gjera ei pakt med deg.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26