Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:18-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Sidan drog Isak tilbake og grov opp att brønnane som dei hadde grave medan Abraham, far hans, levde, og som filistrane hadde fylt att etter at Abraham var død. Han gav dei same namna som far hans hadde gjeve dei.

19. Då slavane til Isak heldt på å grava i dalen, fann dei ei kjelde med rennande vatn.

20. Men gjetarane frå Gerar tretta med gjetarane til Isak og sa: «Vatnet er vårt!» Han kalla brønnen Esek fordi dei tretta med han.

21. Sidan grov dei ein brønn til, men det vart strid om den òg, så den kalla han Sitna.

22. Så drog han derifrå og grov endå ein brønn. Den vart det ingen strid om. Difor kalla Isak han Rehobot og sa: «No har Herren gjeve oss nok rom, så vi kan vera fruktbare i landet.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26