Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 26:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det vart hungersnaud i landet, ei anna enn den første hungersnauda, den som var på Abrahams tid. Då drog Isak til Gerar, til filistarkongen Abimelek.

2. Herren synte seg for han og sa: «Dra ikkje ned til Egypt, men hald deg i det landet som eg gjev deg bod om!

3. Slå deg til her i landet, så vil eg vera med deg og velsigna deg! For til deg og til di ætt vil eg gje alle desse landa. Eg skal oppfylla den eiden eg svor Abraham, far din.

4. Eg skal gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen. Alle desse landa skal eg gje til ætta di. Og ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg,

5. fordi Abraham høyrde på meg og heldt seg til det eg har fastsett, mine bod, forskrifter og lover.»

6. Så vart Isak buande i Gerar.

7. Då mennene på staden spurde han ut om kona hans, sa han: «Ho er syster mi.» Han torde ikkje seia «kona mi», fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka. For ho var overlag vakker.

8. Då han hadde vore der ei tid, hende det at Abimelek, filistarkongen, såg ut gjennom vindauga og fekk sjå at Isak kjærteikna Rebekka, kona si.

9. Abimelek kalla Isak til seg og sa: «Ho er då kona di! Kvifor sa du at ho er syster di?» Isak svara: «Eg tenkte eg kunne mista livet på grunn av henne.»

10. Då sa Abimelek: «Kva har du gjort mot oss? Ein eller annan av folket kunne fort ha lege med kona di og ført skuld over oss!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 26