Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:56-67 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

56. Då svara han: «Hald meg ikkje tilbake no når Herren har late reisa mi lukkast! Lat meg få dra heim til herren min!»

57. Dei sa: «Lat oss ropa på jenta og spørja henne sjølv.»

58. Så ropa dei på Rebekka og sa til henne: «Vil du reisa med denne mannen?» Ho svara: «Ja, eg vil reisa.»

59. Så sende dei Rebekka, syster si, og fostermor hennar av stad saman med tenaren til Abraham og mennene hans.

60. Dei velsigna Rebekka og sa til henne:«Måtte du, vår syster,bli til tusen gonger ti tusen!Måtte di ætt tafiendens portar!»

61. Så steig Rebekka og tenestejentene hennar opp på kamelane og følgde tenaren. Han tok Rebekka med seg og drog i veg.

62. Isak, som heldt til i Negev, kom no frå Lahai-Ro'i-brønnen.

63. I kveldinga tok han seg ein tur ut på marka. Han såg opp, og der fekk han sjå nokre kamelar som nærma seg.

64. Då Rebekka såg opp og fekk auge på Isak, steig ho snøgt ned frå kamelen.

65. Ho spurde tenaren: «Kven er den mannen som kjem imot oss bortpå marka?» Tenaren svara: «Det er herren min.» Då tok ho sløret og dekte seg til.

66. Tenaren fortalde no Isak alt det han hadde gjort.

67. Så førte Isak Rebekka inn i teltet som Sara, mor hans, hadde eigd. Han tok Rebekka til kone, og han elska henne. Såleis fann Isak trøyst i sorga over mora.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24