Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:37-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. No har herren min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje ta ei kone til son min blant døtrene til kanaanearane i landet der eg bur.

38. Men du skal dra til farshuset mitt og slekta mi og henta ei kone til son min.»

39. Då sa eg til herren min: «Men kan henda kvinna ikkje vil følgja med meg?»

40. Han svara: «For Herrens andlet har eg levd. Han skal senda sin engel saman med deg og la reisa di lukkast, så du kan henta ei kone til son min frå slekta mi og farshuset mitt.

41. Men du skal vera løyst frå eiden til meg dersom du kjem til slekta mi og dei ikkje vil gje henne til deg. Då er du løyst frå eiden.»

42. I dag, då eg kom til kjelda, sa eg: «Herre, du som er Gud for Abraham, herren min, lat denne reisa mi lukkast!

43. Sjå, her står eg ved vasskjelda. Lat det gå slik at når det kjem ei ung jente ut for å dra opp vatn, og eg seier til henne: Lat meg få drikka litt vatn av krukka di!

44. og ho svarar: Berre drikk, du, og eg skal dra opp vatn til kamelane dine òg, då er ho den kvinna som Herren har valt ut for son til herren min.»

45. Og sjå, før eg var ferdig med å be i hjartet mitt, kom Rebekka med krukka på aksla. Ho gjekk ned til kjelda og drog opp vatn. Då sa eg til henne: «Lat meg få drikka!»

46. Straks lyfte ho krukka ned og sa: «Berre drikk, du, og kamelane dine vil eg òg gje å drikka.» Eg drakk, og ho gav òg kamelane å drikka.

47. «Kven er du dotter til?» spurde eg henne. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Nahor og Milka.» Då sette eg ringen i nasen hennar og la armbanda om handledda.

48. Så bøygde eg meg til jorda og tilbad Herren. Eg velsigna Herren, som er Gud for Abraham, herren min. For han hadde ført meg på rett veg, så eg kunne ta ei jente av slekta etter bror til herren min som kone for son hans.

49. Vil de no vera gode og trufaste mot herren min, så fortel meg det! Og vil de ikkje, så fortel meg det òg, så eg kan vita om vegen går til høgre eller til venstre.

50. Då svara Laban og Betuel: «Dette kjem frå Herren. Vi kan ingenting seia, anten for eller mot.

51. Sjå, her står Rebekka framfor deg. Ta henne med! Ho skal bli kone for son til herren din, slik Herren har sagt!»

52. Då tenaren til Abraham høyrde det, bøygde han seg til jorda for Herren.

53. Så tok han fram klede og smykke av sølv og gull og gav Rebekka. Han hadde òg kostelege gåver til broren og mora.

54. Så åt dei og drakk, han og mennene som var med han, og dei var der natta over.Då dei stod opp neste morgon, sa han: «Lat meg få dra tilbake til herren min!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24