Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?»

24. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor.

25. Vi har rikeleg av både halm og fôr», sa ho, «husrom til overnatting har vi òg.»

26. Då bøygde mannen seg til jorda og tilbad Herren.

27. Han sa: «Velsigna er Herren, som er Gud for Abraham, herren min! Han har aldri slutta vera god og trufast mot herren min. På vegen har Herren ført meg til huset der slekta til herren min bur.»

28. Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt.

29. Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda.

30. Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda.

31. Laban sa: «Kom, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har gjort huset i stand og gjort plass for kamelane.»

32. Då kom mannen inn i huset og leste av kamelane. Han fekk halm og fôr til dyra, og vatn så han og dei som var med han, kunne vaska føtene.

33. Men då dei sette fram mat til han, sa han: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har sagt det eg har å seia.» «Fortel!» svara dei.

34. Då sa han: Eg er tenaren til Abraham.

35. Herren har velsigna min herre rikt, så han har vorte ein stor mann. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, slavar og slavekvinner, kamelar og esel.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24