Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:19-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Ho lét han drikka ferdig, og så sa ho: «Eg vil dra opp vatn til kamelane dine òg, heilt til dei har drukke seg utørste.»

20. Ho skunda seg og tømde krukka i vasstrauet. Så sprang ho bort til brønnen for å dra opp vatn. Og ho drog opp vatn til alle kamelane hans.

21. Mannen såg på henne utan å seia noko. No skulle han få vita om Herren hadde late reisa hans lukkast eller ikkje.

22. Då kamelane var ferdige med å drikka, tok mannen fram ein gullring til henne, han vog ein halv sjekel, og to armband av gull, dei vog ti sjekel.

23. Så sa han: «Fortel meg no kven du er dotter til! Er det husrom hos far din, så vi kan overnatta der?»

24. Ho svara: «Eg er dotter til Betuel, son til Milka og Nahor.

25. Vi har rikeleg av både halm og fôr», sa ho, «husrom til overnatting har vi òg.»

26. Då bøygde mannen seg til jorda og tilbad Herren.

27. Han sa: «Velsigna er Herren, som er Gud for Abraham, herren min! Han har aldri slutta vera god og trufast mot herren min. På vegen har Herren ført meg til huset der slekta til herren min bur.»

28. Jenta sprang heim og fortalde familien til mor si kva som hadde hendt.

29. Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen ved kjelda.

30. Då han såg ringen og armbanda på hendene til systera og høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, drog han ut til mannen, som framleis stod hos kamelane ved kjelda.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24